Gapskratten har åpna for påmelding.

26/2/2022

Vi har no åpna påmeldinga til Gapskrattfestivalen 2022. For å melde på di revygruppe så må du i år gå inn via https://revygrupper.no/ Der finn du di revygruppe i registeret. Logg inn med kode som du skal ha fått frå Norsk Revy for nokre dagar sidan, klikk på påmelding, og der finn du alle festivalar som har åpna påmeldinga. Der klikkar du sjølvsagt på Gapskratten.

I første omgang melder du berre på revygruppa, skriv kor mange nummer gruppa vil melde på (maks 4) og ca når de kan sende inn video og anna info om revynummeret. Vi vil gjerne ha påmelding frå gruppene så snart som mogleg.

Har du ikkje fått koden til di revygruppe, så send oss ein mail på post@gapskratt.no så sender vi koden.

Finn du ikkje di revygruppe i registeret på https://revygrupper.no/ så trykk på linken "revygruppe mangler" på startsida, og fyll inn din kontaktinfo, så vil kode dukke opp i løpet av eit par dagar.

Alle regionale festivalar, og Norsk Revyfestival/NM i Revy vil frå no ha samme system for påmelding.

Me ser fram til at revyfamilien kan samlast på Gapskrattfestival igjen!